Møt Rosetta

Eg skreiv for nokre dagar sidan om ei skrift som var spesiallaga for personar med dysleksi. Innanfor typografien her i «vesten» er det kanskje ikkje mange som kjenner til skriftprodusentar som spesialiserer seg i å lage til ei skrift som fungere fleire språk. Det er på tide å møte Rosetta.

Rosetta er eit byrå som har spesialisert seg på å utgi skriftsnitt som fungerer like bra her til lands som i, ja, dei arabiske emirater. David B?ezina, José Scaglione og Veronika Burian starta byrået, og saman med fire andre skriftkreatørar kallar dei det sjølv for Multi-script Typography. Rosetta si mest populære skrift er kanskje Skolar, som i skrivande stund støttar 162 språk. 162 språk. Det er artfundig mange. Fin er den også!

Då den arabiske og persiske delen av BBC si nettside skulle gjennom ein redesign tidlegare i år, vart skrifta Nassim frå Rosetta eit fyrsteval. Eit tett samarbeid gjorde at spesielle teikn innanfor dei respektive språka vart vist på best mogleg måte og i tråd med BBC sin profil.

Stå på!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.