Strekker seg litt lengre

Greit nok at skriftene ein har på datamaskina er vektoriserte og dermed kan pumpast opp i uendeleg storleik, men har du nokon gong sett ei skrift som fysisk sett strekker seg litt lengre? Ikkje? Då skal du få sjå det i luka for dagen!

Studenten Jenny Kyvik Hutchens frå Stord (woho!) studerer grafisk design på Westerdals school of communication i Oslo. Eit av prosjekta ho laga der, og som har fått ein del merksemd, er hennar elastiske skrift. Ho har rett og slett strukke den opp for hand med strikk (sjå over), og deretter laga ein plakat med skrifta i vektorisert utgåve.

Undrar om den kjem som skriftsnitt i eit utgåve som ein kan nytta på datamaskina?

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.