Ein herre med bart

Etter å ha «terga» far min for barten han har hatt i over 30 år, og endeleg fått han til å fjerne den, har eg i dag friviljug byrja å anlegge ein tust under nasa sjølv…

Fint eller ikkje, det er i alle fall for ein god sak!

Eg er spent på kva far min vil seie, men det er jo for ein god sak! Movember-aksjonen er nemleg ein aksjon som skal sette fokus på helsespørsmål for den mannlege delen av befolkninga. Håpet er jo at eg kan bidra med eit litt meir bustete andlet, samstundes som at eg kan samle inn nokre kroner til arbeidet.

Vil du hjelpe med ein liten donasjon, eller berre følgje barten min vokse, sjekk ut profilen min her!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.