Nynorsk digitaldugnad

Som eit ledd i Norsk Målungdom sitt arbeid for å få ei auke i bruken av nynorsk, har dei no iverksatt ein dugnad for å auke bruken i den digitale verda.

Eg er stolt brukar av nynorsk både analogt og digitalt, og eg støttar opp under dugnaden dei no har satt i gong. Prosjektet vart lansert 18. oktober, og har allereie fått mediemerksemd frå NRK og Framtida, i tillegg til at dei hadde hovudinnlegget på debattsidene i BT. Norsk Målungdom har laga til ei samleside, dugnad.nynorsk.no, for arbeidet dei skal ta til med:

Me skal engasjera tenestetilbydarar, aktivistar og nynorskbrukarar i ein felles innsats for nynorsk vekst i den digitale verda. Innsatsen skal i fyrste rekkje rettast mot populære og mykje brukte nettenester (til dømes Wikipedia, nett-torg, nettbankløysingar, og liknande), sosiale media og ordlister for mobiltelefonar. NMU skal arbeida for å spreia tospråklege ordbøker og fagterminologi på nynorsk på internett.

Det er sikkert ikkje mange av mine lesarar som nyttar nynorsk til dagleg. Eg rår likevel alle som har tid og lyst til å hjelpe til med å oversetje f.eks artiklar på den nynorske Wikipedia, ein filmtekst eller på fri programvare.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.