Knask på ein fredag: Juli

Sommaren er over oss, og dei fleste er vekkreist på dagen, eller nyt sanden mellom tærne på stranda. For alle dei andre som arbeidar, eller som har regn piskande på stuevindaugo, har eg samla noko knask frå juli for å lette humøret!

Støvelen er i alle fall riktig plassert!

Desse karta er kanskje ikkje godt nok for deg som skal ut å reise land og strand i sommar, men for augo er dette eit vakkert syn. Corriette Schoenaerts har sett saman kleda frå reisekofferten sin og laga ein oversikt over dei ulike verdsdelane med plagga. Fiffig!

Ein stad for ting du elskar

Pinterest er ein stad på nettet der du kan finne, eller sjølv samle, interessante ting og tang. Alt frå film og teknologi til bryllaup og mote. Rett og slett ein stad for ting du elskar.

Nice, nice and Nizo!

Det er eindel applikasjonar der ute og nokre legg meir i design enn andre. Image Mechanics er ein leverandør som nettopp legg litt ekstra i både applikasjonane og tilhøyrande nettstader. For det fyrste er deira eiga nettside fin, men nettstaden til deira kommande (i alle fall i skrivande stund) applikasjon Nizo er verkeleg eit vakkert stykke arbeid!

Summeri, summera…

Eg oppsummerar ein av dei kortaste knaska eg har hatt (noko ferie må jo eg også ha) med eit tips om nettutvikling:

How to tell HTML from HTML5:
– Try it out on Internet Explorer.
– Did it work?
– No?
– It’s HTML5.
Kent Brewster under årest SXSW11

Ha ein fortsatt fortreffeleg sommar!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.