Scrabble for den typofile

Det er fredag og eg har funne noko knask for dei av oss som kan kalle oss typofile. Andrew Capener har i eit prosjekt tatt brett-/ordspelet Scrabble i ein fantastisk ny typografisk retning…

Scrabble-boksen er eit fint skue!

Er du glad i brettspel og kryssord, har du nok høyrt om Scrabble. Ordspelet der du skal setje saman ord og få poeng for å nytte flest mogleg bokstavar med høgast verdi. Om du i tillegg er glad i typografi har eg i dag funne fram til prosjektet som kan få den mest seriøse typofile der ute til å sikle langt nedover brystet; Andrew Capener har nemleg laga prototypen av ein særs typografisk utgåve av Scrabble.

Mmmm, bokstavar!

Som sagt er dette diverre berre eit prosjekt som har enda opp i ein prototype, men om du, som eg, set deg opp på lista over interesserte kan det nok hende at dette kan sjå dagens lys heime i di eiga stove!

Les meir om prosjektet og sjå fleire bileter her!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.