Knask på ein fredag: Februar

Februar er den kortaste månaden i året. Tross dette er det relativt fullspekka med digitale godbitar i knasket denne månaden, frå søte ikonkrukker og bestemt LEGO-kanji til kriminelt komiske sansar…

Maven Pro

Startar friskt med ein skrifttype eg har funne fram til deg. Denne kan du laste ned og nytte slik du vil — heilt gratis. Maven Pro er elegant og lekker å sjå på i tillegg til at den gjer arbeidet enkelt for deg om du vil lage eit moderne uttrykk i ditt design! Reknar med det er heilt i orden?

Comic Sans Criminal

Eg skriv såpass mykje om Comic Sans her på nettsida mi at ein skulle tru eg elskar skrifta. For å vere heilt ærleg er det eit snev av sannheit i akkurat det; Eg elskar å mislike sterkt denne skrifttypen. Er du ein av dei som nyttar skrifta til noko anna enn i skriv retta mot barn? Ja, då er det ein viss fare for at du er ein Comic Sans-kriminell. Fortvil ikkje, redninga er her!

Fin skit

Design, reklame og kommunikasjon generelt kan alle vere uimotståeleg vakkert eller rett og slett drit du helst ikkje ville lete augo sjå. Nettstaden Pr*tty Sh*tty har teke ein frå kva kategori og presentert dei til alles spott og spe — eller for å samanlikne kva som funker og ikkje. Artig greie, eigentleg.

Effektivitet, effektivitet, effektivitet!

Det finst sikkert nokre der ute som er i same båt som meg når det kjem til hårmengde og må halde tritt med denne ved hjelp av barbermaskin, høvel eller anna fikst utstyr relativt ofte. I tillegg til at dette også tek eindel tid vert det alltid mykje rot og hårreisande restar etter prosedyren. No ser det imidlertid ut som om at løysinga er her! Sjekk ut videoen over for den effektive nyvinninga!

Planetane våre

http://vimeo.com/19231255

Nokon gong lurt på korleis dei andre planetane i solsystemet vårt hadde sett ut frå jorda om dei hadde vore på same avstand som månen er frå vår frodige planet? Det har ikkje eg, men det var særs artig å sjå det i videoen over likevel! Ganske fengjande, faktisk.

Ikon og slikt

Eg såg at eg nemnte i førre knask at eg kanskje skulle presentere ikoner og slikt i den påfølgjande veka. Eg meinte sjølvsagt månad… No er det faktisk neste månad og eg held oppe tradisjonen med ikoner — og noko attåt.

Krukka utan botn

Icon Jar er eit prosjekt der du kan kjøpe eit sett med ikon for $25 og få absolutt alle nye ikoner i pakka ettersendt når dei er klar — utan ekstra kostnad!

Huset med dei rare knappane i

Kva med å samle alle typar knappar funne på nettet på ein plass? Det var ein god idé meinte Jason Long, og oppretta likegodt eit museum med presentasjonar av nettknappar funne hist og pist. Finfint!

LEGO-kanji

Sidan eg også har starta ein aldri så liten tradisjon på å vise LEGO i ein eller annan form, så må eg berre få vise deg dette fotoalbumet på Flickr før me tek helg.

Folk er fine, og no er det helg!

 

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.