Kva i Helvetica er det?

Ingenting slår typografi på trykk, men dersom du set bokstavar og ord i bevegelse kan det oppstå magi. Bak luka i dag kan du sjå ei av verdas mest kjente skriftfamiliar danse på skjermen!

http://vimeo.com/6990577

Helvetica er allereie nemnt tidlegare i kalenderen, men sidan det er mange der ute som elskar denne skriftfamilien dukkar det støtt og stadig opp mykje godsaker på nettet. Bloggen Wanken har samla ein god del snacks med bileter i bevegelse (les: video) der Helvetica har hovudrolla.

Finn fram gløggen og snurr film!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.