I ein galakse, langt, langt borte…

Luka for dagen kunne godt ha vore stoff for Mads Eriksen si teikneserie «M», då den inneheld ganske klare referansar til favorittfilmane hans: Star Wars. Men det ser ut til at det er fleire som elskar filmane…

Då Brandon og Emma Peat skulle få sin førstefødte hadde dei lyst å dekorere veggen til minsten med noko heilt spesielt. Ettersom Star Wars er ein favoritt for dette paret også, falt valet på å skape alfabetet med figurar/namn frå filmane.

No er ikkje eg den største tilhengjaren av Star Wars, men må innrømme at eg falt pladask for den fiffige måten å setje opp alfabetet på!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.