Kvifor skvising er ulovleg

Skrifter har fleire snitt av ein grunn. Her får du ein kort innføring i kvifor du ikkje skal ta snarvegar og skvise og strekkje skrifta til det groteske…

Eg har ein del års erfaring innan typografien, men eg skal i dag overlate scenen til Ilene Strizver. Ho har har skrive ein god og forklarande artikkel hjå Creative Pro om kvifor det rett og slett er ulovleg, gjerne kriminelt, å skvise eller strekkje skrifta til det groteske. Saman med beint fram enkel grafikk illustrerar ho poenget.

Kort oppsummert for dei som ikkje vil lese engelsk: Ikkje skvis, knip eller strekk åndsverka!

Som sagt i innleiinga er det ein grunn for at skrifter inneheld fleire snitt til bruk i forskjellige samanhengar. Søk og du skal oppdage at det er lett å halde seg på den «lovlydige» sida av typografien!

Forøvrig kan du lese meir typografirelaterte og samfunnsnyttige tips på hennar eigen nettstad: The Type Studio.

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.