Ny skrift: Analfabet

Det er ei stund sidan eg lasta opp ei ny skrift her på sida mi, men eg har ikkje ligge på latsida av den grunn. Analfabet er ei ny skrift eg har hatt på teiknebrettet ei god stund, men tidsklemma har ført til at eg ikkje har fått fullført den før i dag.

Analfabet er i likheit med Asphyxiate basert meir eller mindre på mi skriblerihandskrift. Denne utgåva er derimot berre i kapiteler, men med forskjellig utsjånad for versalane (dei store bokstavane) og minusklane (dei små bokstavane). Den er genial for bruk på design som krever eit «journalistisk» preg over seg.

Det er ei OpenType-skrift, noko som vil seie at du kan nytte den på både Mac og PC. I tillegg har eg definert nokre tillegsteikn som ligaturar for dei som likar slikt.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.