Typografi til folket!

Det er ein skog av tekst der ute, og det vert ikkje mindre av det for kvar dag som går heller. Då er det særs viktig at den tek seg typografisk godt ut om den skal verta lagt merke til i mengda.

Det er ein skog av tekst der ute, og det vert ikkje mindre av det for kvar dag som går heller. Då er det særs viktig at den tek seg typografisk godt ut om den skal verta lagt merke til i mengda.

For å starte rett på, får du eit sitat som ikkje kunne vore meir på spikeren når det gjeld å finne den riktige skrifta til prosjektet ditt:

Protip for finding good fonts: Delete all your shitty ones.
Liam McKay

Typografi er ikkje det same som topografi…

Om du sit i solstolen og lurar på kva typografi er, kan gjengen frå The Art Institute of California fortelje deg alt om dette i musikkvideoen under. Har du lyst å syngje med kan du også finne songteksten på nettstaden for prosjektet.

Ikkje din type?

Eg har ein forkjærleik til t-skjorter med eit teit eller artig budskap og i særleg grad dei som viswr budskapet via tekst. Om Arial, Times New Roman eller Comic Sans ikkje er din type, stikk inn på _not my type og skaff deg eit heftigt antrekk i form av ei t-skjorte eller ein hettegenser.

Møt din type!

Om du føler at t-skjorter ikkje er din type uttrykksform for typografi, sjekk heller ut dette 52-siders heftet hjå Font Shop. I dette heftet, som du både kan sjå på nettet eller kjøpe i fast form, finn du mengder av inspirasjon og veiledning for å finne fram til den store «hugleiken»: Typografien.

Ingen grafikk betyr meir plass til tekst

Treng ei nettside grafikk? Både ja og nei, men det som gjelder for ei nettside er generelt det å formidle eit budskap. Det viktigste for Ryan Urban og hans enkeltmannsføretak fringe. er definitivt det å formidle eit budskap utan å nytte grafikk.

Gratis er ein fin eigenskap

Sjølv om man alltid skal belønne den kreative biten av skriftdesign, er eg glad i å finne gode skrifttypar som man kan laste ned gratis og til meir eller mindre fri bruk. Under har eg samla enkelte du kan nyte i ditt neste prosjekt:

Dekar

Skrifta Dekar kan du laste ned og bruke til kva du vil (les gjerne denne PDF-en), og sidan den er OpenType funker den like bra på PC som Mac. Fin er den også.

Deja Rip

Deja Rip er ei lekker skrift med mange bruksområder, men kostar litt småpeng. Fortvil ikkje! Det som er så fint med denne, er at du  men du kan laste nettvarianten av skrifta heilt utan kostnad! Sjekk ut Deja Web her!

Arcus

Arcus er nok ei lekker skrift, og du kan kjøpe/laste ned standard og kursiv-utgåvene av denne skrifta hjå MyFonts. Makan til giverglede!

Ampersand

Det er sjeldan du finn gode og fine skriveskrifter installert på din datamaskin når du kjøper den. Comic Sans og Brush Script er verkeleg ikkje noko å bruke om du vil at plakaten, diktet eller kva du lagar til, skal skilje seg ut i mengda. Det finst mange gode handskrifter der ute som du kan nytte deg av, gratis! Ampersand er ein av dei du bør ha på maskina di før du slår den av i dag. Den er enkel, men bugnar over av særeigenheit!

2 Comments

Det må jeg si – en flott artikkel som tar det grunnleggende om typografi. :)
Tror ikke det finnes noen så gode på norsk (hvertfall ikke nynorsk ;)), så skal henvise noen hit om de er grønne på dette.

Kjenner sannelig jeg ble lysten på et «not my type»-plagg nå også.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.