Knask på ein fredag: Juni

Dagane går og anten du vel å kjøpe brukte kyr eller ikkje, er sommaren og agurktida rett rundt hjørna. Eg likar agurkar som knask, men sidan ikkje alle liker det gir eg deg denne miksen av digitalt knask i stedet: Det er fredag!

Dagane går og anten du vel å kjøpe brukte kyr eller ikkje, er sommaren og agurktida rett rundt hjørna. Eg likar agurkar som knask, men sidan ikkje alle liker det gir eg deg denne miksen av digitalt knask i stedet: Det er fredag!

Mjølk er godt!

Eit glas mjølk kan vere forfriskande til ei fersk skive med skinke og salat. Orsak om biletet over var for frekt, men det er jo fredag, er det ikkje? I det siste har det også dukka opp ein del design som er kraftig inspirert av drikka, og som fangar interessa di. Nettstaden Abduzeedo har samla nokre for å glede augo våre. Einaste som manglar no er vel ein pakke med Oreo…

CitID – gje namnet på byen din eit ansikt!

Dette er eit prosjekt som går på å synleggjere kjente og ukjente byar ved hjelp av eit eige skriftsnitt eller uttrykk.

Ever heard of Tegucicalpa? How about Sandnes or Brunswick? Probably not.

Du er invitert til å sende inn ditt forslag, og kanskje du kan ende opp i boka dei planlegg å gje ut? Stikk innom og legg att «fingeravtrykket» til din by!

Levande design

Bileter seier meir enn ord, og difor meiner eg det er nok å berre linke til denne fantastiske nettstaden  frå Asif R. Naqvi til alle kreative sjelar der ute: Living Design

Maksimere, maksimere…

Maksimer har halde på ei stund (tidlegare under namnet b-found) med å maksimere nettsteder, men har ikkje før no klart å stable ei eige side på beina. Reint, ryddig og fint å sjå på. Maksimal glede!

Ikoner, ikoner og atter ikoner…

Mashable har samla ei liste med dei ti beste, eller vakraste om du vil, minimalistiske ikonsetta du kan finne på nettet i dag.

Ingen typografi, herr Kvalheim?

Nei, stemmer det. Eg har ikkje teke noko om typografi med i dagens spalte, men ikkje fortvil! Eg held på å skrive eit lengre innlegg som omhandlar mitt favorittemne. Den som venter litt til, får sjå!

God helg, lesarar!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.