Knask på ein fredag, veke 8

Lei av å måke snø? Eg kan diverre ikkje garantere at det ikkje kjem meir dalande ned frå himmelen, men kan trøste deg med at eg nok ein gong har samla ein del digitalt knask til deg. Eg trur du kjem til å inneha fleire fakta, det vere seg nyttig og unyttig, etter du har snoka deg gjennom dagens spalte. Det er fredag!

Lei av å måke snø? Eg kan diverre ikkje garantere at det ikkje kjem meir dalande ned frå himmelen, men kan trøste deg med at eg nok ein gong har samla ein del digitalt knask til deg. Eg trur du kjem til å inneha fleire fakta, det vere seg nyttig og unyttig, etter du har snoka deg gjennom dagens spalte. Det er fredag!

Lær nye ting kvar dag

I julekalenderen min i fjor skreiv eg om Espen Eidsnes og hans prosjekt som omhandla dette å leire ein ny ting kvar dag i løpet av 365 dagar. Learn Something Every Day er eit liknande prosjekt, men sett i stand av eit kreativt byrå kalla Young. På denne sida vert du presentert for nye fakta kvar einaste dag, ved hjelp av ein kort tekst og tilhøyrande enkel grafikk. I tillegg tilbyr dei å trykke faktaene på ei t-skjorte for deg.

Lei nye ting og ekte fakta?

Då kan sida False Facts inspirere deg i den andre retningen. Her vert du også ved hjelp av enkel grafikk, primært skisseblokkteikningar, informert om falske fakta. Nok ei side for tørrprat her altså…

Det enklaste er ofte det beste – men også det vanskligste…

Ynskjer du inspirasjon til å lage ei minimalistisk side, råder eg deg til å stikke innom denne artikkelen hjå Webdesigner Depot. I tillegg til å få ein innføring i kva som er viktig for å få ei god side med minst mogleg tekst og grafikk, finn du ein del snasne eksempler der!

Søvnig?

Er du levande opptatt av Adobe sin programvare, men konstant er trøytt? Då har eg funne dei ideelle produkta til deg! På nettstaden My Suite Stuff kan du nemleg bestille puter med trekk som ikonet til eitt eller fleire av dine favoritt CS-program. Du kan også få Tweetie-trekk om du har lyst på det også. Sov godt!

End Grain

Skreiv for ei tid tilbake om skrifter og ei side som omhandla «letterpress». End Grain er ei slik side. Her kan du finne bileter, informasjon og diskusjonar rundt emnet. Dei har gjort seg føre med designet også!

Når me først er inne på temaet skrifter…

The Phuse har ein kort men niftig og informativ artikkel som omhandlar det grunnleggjande innan skrifter og kva det er. For dei av dykk som likar å vite sånt.

Davis Arias

Dette er porteføljen til David Arias (og hans kreative vener), ein frilans grafisk designer med tilhaldssted i OL-byen Vancouver. På denne sida kan du finne alt frå produktdesign til logodesign og bedriftsprofilering. Mykje deilig design for alle og einkvar!

Maler til InDesign

Det er sjeldan eg har noko knask som i større grad kan nyttast på trykk, men i dag slår eg til med ei side (eller rettare sagt 126 sider) med malar til Adobe InDesign; alt frå kalendere til bokoppsett. Stup i det!

Ikoner er jo ei fast greie på ein fredag…

God helg!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.