Gratulerer med dagen, MINI!

Den fyrste Mini-en rulla ut på vegen 26. august 1959, og har kome i ei røys av variantar. Bilen, som kan seiast å ha hatt like mykje innflyting på bilindustrien i Storbritannia som Bobla hadde for den tyske, har vorten heile 50 år og er sprekare enn nokongong!

Minien 50 år!

Den fyrste Mini-en rulla ut på vegen 26. august 1959, og har kome i ei røys av variantar. Bilen, som kan seiast å ha hatt like mykje innflyting på bilindustrien i Storbritannia som Bobla hadde for den tyske, har vorten heile 50 år og er sprekare enn nokongong!

Den snedne og forshjulsdrivne bilen var designa av Sir Alec ssigonis og har fram til den nye utgåva kom i 2002 nesten ikkje forandra utsjånad. Den meste kjende utgåva er vel kanskje Cooper (S) som er ein meir sporty utgåve av den fyrste originalen. Etter seks års produksjon (3. april 2007) av den nye MINI-en (ja, namnet er skriven med store bokstavar etter BMW overtok) rulla MINI nummer ein million av samlebåndet. Dette var ein månad lengre enn det tok den originale å nå dette antallet.

I 2008 annonserte dei at MINI skal kome i ein heilelektrisk utgåve, kalla MINI E. Snadder!

© Graham Bool McLellan

Det har allereie vore fleire tilstelningar verda over for å markere dette jubileet. Eit av dei største fann stad på vegen mellom London og Brigthon, der 2.500 bilar var med i kollonnekøyring.

Mini til filmen

Ein bil med eit slikt særpreg kan ikkje unngå å hamne på lerretet. I 1969 kom filmen «The Italian Job» med blant andre Michael Caine og Benny Hill i hovudrolla, og der Mini-en var eit vesentleg element i handlinga. I 2003 kom det ut nok ein film med same namn. Den nye MINI-en var også her godt representert, saman med Mark Wahlberg, Charlize Theron og
Edward Norton.

Vår kjære MINI Jack

Mini Cooper - vårt nye familieidol

Me har no bytta ut vår eigen MINI Jack med ein meir romsleg Volvo V70, til tross for at han hadde plass til plass til 22 personer og blå som ein viss ballong.

Denne er sjølvsagt sårt sakna, men det er samstundes deileg å ha plass til flyttelasset vårt når me renskar leileheita vår i Bergen.

Uanskvett: Gratulerer med dagen!

Kjelder: Wikipedia

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.