Welcome to Jumbo Hostel!

Ta ein utdanka jumbojet, plassér det på ein passande eigedom, røsk ut alt innholdet, sleng inn eit par sengar, stolar og ekstra veggar. Vips så har du verdas første flyhotell i ordets rette tydning. Velkomen inn i Jumbo Hostel!

Jumbo Hostel

Ta ein utdanka jumbojet, plassér det på ein passande eigedom, røsk ut alt innholdet, sleng inn eit par sengar, stolar og ekstra veggar. Vips så har du verdas første flyhotell i ordets rette tydning. Velkomen inn i Jumbo Hostel!

OK, så bestemte eg meg for å vente til det kom opp i ALLE tenkelege nettaviser før eg posta eit eige innlegg om at dette hostellet opner denne veka. Jo fleire, jo betre seier no eg.

Altså: Du skal ut og fly, men så går ikkje flyet og du må betale overnatting. Vanleg situasjon. Dette har no Oscar Diös gjort noko med. Han bestemte seg i 2007 for å ekspandere sin hotell og hostell-virksomhet. Han tenkte at eit billig alternativ var å bygge eit hostel like ved den svenske hovudflyplassen. I utgongspunktet ein enkel affære, såframt planane går gjennom. Men det å komme på idéen å taue eit utdanka Boeing 747-200 fly til Arlanda flyplass for å innkvartere reisande, er jo ikkje akkurat kvardagskost. 

Brudesuiten

Resultatet ser lovande ut, og frå i går av kunne man sove i ein av dei 25 romma ombord. I tillegg har vel alle hostel/hotell med respekt for seg sjølv ei brudesuite. Dette flyet, rettelse, hostellet er inget unntak. Heilt framme i flyet, i cockpiten, finn du det einaste rommet med eige bad, nemleg brudesuiten. Foruten lobbyen inneheld hostellet spisesal og eit konferanserom.

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.