Ja, så var det på’an igjen, då!

Nok eit år har gått, og mykje underfundigt og meir eller mindre gode ting har satt preg på året 2008. Både når det kjem til det heilt personlege til ting som omhandlar Tellus på alle moglege måtar. Mykje har skjedd, mykje meir skal skje…

Me ser tilbake på 2008 og fram til 2009!

Nok eit år har gått, og mykje underfundigt og meir eller mindre gode ting har satt preg på året 2008. Både når det kjem til det heilt personlege til ting som omhandlar Tellus på alle moglege måtar. Mykje har skjedd, mykje meir skal skje…

2008 vart eit år eg skrapa saman det eg hadde av småmynt og spurde om handa til mi kjære Renate, fekk oppleva Sigur Rós og Radiohead på same scene i Belgia, solgte leiligheita mi med stortap, fekk bildraumen oppfylt, oppleva korleis livet var før og etter iPhone, samstundes som eg opplyste folk om knaskeri på ein fredagane. Og jepp, eg har klart å gjennomføra mitt nyårsfortset: Eg seier no KUN «Ha det!» og ikkje «Hei!» når eg avsluttar telefonsamtalar… Året sett under eitt, eit fantastisk år altså!

Spørsmålet er: Vert 2009 like spanande?

Ja, kva skjer i 2009?

Om dette året vert like spanande vil einaste tida vise. Men eg skal gifte meg, det er vel ei hending stor nok til å dekkje eit årsforbruk i opplevelsar… Teiknestripa «M» illustrerer dette med det gode i å ha nokon ved sin side veldig godt i denne stripa, og eg kan berre seie at eg gleder meg vilt masse. Giftarmålet står i Eid kyrkje på Halsnøy 27. juni, med påfylgjande fest på folkehøgskulen på øya. Meir informasjon om akkurat denne dagen kan du finne på www.renateogespen.com.

Eg håpar også på å få fleire gode musikkopplevingar, både store og små. Ser til mi store glede at festivalen Øyo ’09 (på HSH) er eit nytt friskt pust i elles så festival-tørka vinterstid, og det tilogmed på øya der eg vaks opp. Om det vert ein suksess til glede og gjentakelse kryssar eg fingrane for!

Om det skjer noko meir i løpet av året, ikkje sjå vekk i frå at eg kjem til å nemne det med ei linje eller tre!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.