Knask på ein fredag: November

Nok ein månad har gått inn i historia, og eg er igjen på plass med månadens hyggeligste spalte. Denne gong er det litt ekstra Mac-stoff (dessverre?), men ikkje ver redd, plutseleg er det omvendt! Uanskvett om det var ein god eller dårleg start på spalta, les vidare så får du sjå kva eg har på tapeten i dag.

online

Nok ein månad har gått inn i historia, og eg er igjen på plass med månadens hyggeligste spalte. Denne gong er det litt ekstra Mac-stoff (dessverre?), men ikkje ver redd, plutseleg er det omvendt! Uanskvett om det var ein god eller dårleg start på spalta, les vidare så får du sjå kva eg har på tapeten i dag.

Klar for shopping?

Om du er glad i å shoppe kan denne sida vere eit artig supplement til helgeshoppinga di. Eg tek ikkje ansvar om du knuser noko i vevbutikken! Eg beklagar om eg har posta dette tidlegare, men såvidt eg kan sjå kunne eg ikkje finne den att nokonteds på sida mi.

Stille som mus

Er du ein av dei som har opplevd det å sitje anten i eit bibliotek eller i eit kontorlandskap og må ta omstart på Mac-en din, for så å bli flau over den kolosalt irriterande oppstartslyden som du ikkje finn ut korleis du skal få vekk? Look no further! Denne lenkja gjer maskina di lydlaus under oppstart:

IE for Mac

Internet Explorer 6.0 er jo noko som me vevdesignarar hatar som pesten, men som me alltid bør ta hensyn til når me skal lage vevsider. Som kjent vert ikkje ein ny IE laga for Mac lengre, og då er det kanskje eindel der ute som slit med å få sett korleis sita tek seg ut i denne nettlesaren utan å måtte rendre den via nettsteder som Netrenderer (finst også som utvidelse til Firefox.). Her om dagen dukka det same problemet opp for meg, men etter eit par søk hos min gode ven Google, fann eg følgjande link som løyste dette problemet:

Denne månadens nett-funn:

Også denne månaden har eg hamna borti meir eller mindre gode sider som er verd eit besøk.

Sikkerhet på arbeidsplassen

HMS er jo viktig for verksemdene rundt omkring no til dag, og heldigvis for det. I presentasjonen du kan laste ned under kan du sjå eksempler på ting du helst IKKJE bør gjere på arbeidsplassen din…

PNG vs JPEG

Her er ein liten sak om biletkvalitetar ein kollega av meg sendte:

png_vs_jpg

Ser også til mi store glede at ein annan utflytta stordabu har byrja med ei liknande spalte på sin vevblogg. Anbefalar å følgje med på den for andre nyttige og inspirerande tips innan vevdesign!

Mens me ventar…

Mens me ventar på neste månads spalte, kan du her få tips til korleis du kan pakke rundstykker genialt enkelt. God helg!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.