Endeleg ein el-bil med stil!

Alle og einkvar kan vel vera einige om at mange av dagens, og forsåvidt tidlegare utgåver av el-bilar på marknaden, ikkje akkurat har den beste designet og finishen som man kanskje kunne ynskt seg.

Electrified Mini
Biletet er lånt frå Mini Space-nettstaden.

Alle og einkvar kan vel vera einige om at mange av dagens, og forsåvidt tidlegare utgåver av el-bilar på marknaden, ikkje akkurat har den beste designet og finishen som man kanskje kunne ynskt seg. Då eg i kveld surfa på nettet etter korleis eg kan setje NetCom i stampe, etter det eg meinar er ein slurvete kundeservice, fann eg det eg ALLTID har drøymt om.

På nettsida Mini Space – Creative Use of Space kunne eg lese at denne fantastiske biltypen (i slekt med vår eigen Mini Jack) no skulle kome i elektrisk utgåve! Diverre er det kun for det amerikanske folket. Men bur du sør i Kalifornia, New York eller i New Jersey og signer deg opp på denne sida, skal du ikkje sjå vekk i frå at du plutseleg sit i ein over normalen fin bil driven av ein el-motor.

Om eg gleder meg til den kjem til Noreg? Jepp! Om eg får råd? Tja… Den som lever får sjå!

3 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.