Dejlig å vere norsk

Beware of the monster

Ikkje bli skremt, monsteret liker berre ikkje å verta tatt bilete av…

Etter over 350 mil bak rattet i «Mini Jack» på 4 veker, med danske, svenske, austlandske, vestlandske og sørlandske hus og landskap susande forbi, er eg igjen tilbake ved arbeidspulten for å ta til på den hektiske kvardagen. Mens eg fortsatt har ferien relativt friskt i minnet, tenkte eg å ta ein rask oppsummering på årets ferieminner og hendingar.

Leilegheit og bil

minijack_redrose

Som kjent før ferien oppgraderte me (eller nedgraderte, alt ettersom) bil frå vår knall røde Golf-stasjonsvogn frå 1996, til ein 2002-modell Mini Cooper. Me angrer ikkje på byttet! Før ferien hadde me også «luksusen» av å ha to leilegheiter. No har me ein mindre. Må innrømme at stundene på terrassen kan verta eit større sakn enn først antatt, men skal nok prøve å halde ut ei stund til. Kanskje me har eit hus innan denne tida til neste år?

Dejlig å vere norsk i Danmark?

Byens næstbedste spisested

Til informasjon så gjekk me videre etter å ha tatt bilete av dette skiltet i Ebeltoft i Danmark. Nemmen, er du linselus på dine eigne bileter, Renate?

Mange forbind nok ferie med foreldre med dølt og kjedeleg. Det var ikkje tilfellet i årets ferie til Ebeltoft i Danmark. Heile min famile og brødre med følgje vart samla under eitt tak i ei veke. Som seg hør og bør når ein familie reiser til Danmark, må ein jo besøke eit eller anna sommarland, og denne ferien var ikkje noko unntak. Djurs Sommarland vart plukka ut og stort sett ALLE berg og dalbaner og attraksjonar vart besøkt (unnskyld for at me ikkje tok den siste berg og dalbanen, pappa). Karusellane vart hoppa over av svimmelhets-helsemessige årsaker :D

Århus vart også beæra eit besøk av oss, men det var i Ebeltoft me stort sett befann oss. Her var det nok av  koselege spiseplasser og artige butikker å besøke. Som biletet over viser, er dei vertfall ærlege om kven som er best i byen og ikkje…

Tips: Er du i byen, stikk innom «Hos Molboerne» og få deg eit måltid til ein billeg peng i ein god atmosfære.

Halsnøy

Etter lang tids arbeide, oppussing og dermed lange dagar, var det endeleg tid til å slappe totalt av. På Halsnøy var eg og madammen heilt åleine eit par dagar før familie stakk innom no og då. For dei som eventuelt prøvde å få tak i oss så kan me opplyse om at våre telefonar har sånn cirka null dekning på denne øya. Det kalles friheit!

Bading i hagen, på stranda og svaberg er strengt påbudt i slike ferier, på slike steder, og med slikt ver som var. Eit par båtturar vart det sjølvsagt også tid til.

Kan nemne at eg fortsatt har igjen å slå svigerfar i krokett, but I’m getting there!

Stavanger og Kristiansand

Som ei avslutning på ein fantastisk ferie besøkte me Stavanger for å besøke venner og familie, før turen gjekk via Reme (Lindesnes) for å setje opp eit partytelt, til eit fantastisk bryllup i Kristiansand. Her er det snakk om fleksibiltet på høgt plan!

Etter ein slik ferie gjorde det ingenting å bruke sju-åtte timer i ein stappfull Mini, i styrtregn, tilbake til Bergen på søndagen.

Så sånn var den sumaren…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.