Fighta seg gjennom kulda

Foo Fighters på Koengen

Regnet holdt seg unna og sola kikka fram, dog konserten med Foo Fighters vart ein kald opplevelse. 12 grader og sterk vind gjorde valet med å ta på meg vinterjakke og ei god og varmt bukse enkelt. Foruten desse trivielle og sjølvsagte småtinga, var konserten ein særs flott opplevelse. Med oppvarmingsband på lik storleik som hovedattraksjonen sjølv, Queens Of The Stone Age, vart kvelden verd dei 550 kronene.

Ei folkemengde tilsvarande 10 prosent av Bergens befolkning fekk høyra ein oppegåande Dave Grohl som pøste på med herlege kommentarar lede bandet sitt gjennom den over to timer lange konserten. «The Pretender» frå sisteplata var startskuddet for ein rekke gamle og nye slagere som «Everlong», «My Hero», «Long Road to Ruin» og «One by One». Andre mindre kjente, men likevel gode låtar vart også ein del av setlista.

Publikum fekk også, som eit av få i verden, høyre både ein bass-solo og ein, hold deg fast, triangel-solo. Jepp, du høyrde rett, den var i tillegg i verdsklasse! :D

Når døgnet var inne i sin siste time, avslutta dei med låta «Best Of You» frå plata «In You Honor» til næraste du kan kalle allsang. Om det går slik dei «lova» i går, er dei nok på plass til neste år også… Men, kven veit? 

PS: Jepp, eg er verdmeister i dårlege titlar av og til :D

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.