Piratmusikk til morgonkaffien?

Shanty-cover

Om du er frå Stord, eller abonnerer på lokalavisa på Stord, Sunnhordland, har du sikkert sett at det fylgde med ein CD-singel frå Storm Weather Shanty Choir den 6. juni. For dei av dykk som også leste på coverets bakside, fant også ut at meisteren bak det fantastiske produktet, vertfall designmessig, var meg. Litt sjølvskryt er på sin plass tenkjer eg!

Laurdag 7. juni hadde også det same band sin andre releasekonsert, denne gong på Arena, Stord. God stemning og meir eller mindre stinn brakke gjorde kvelden til ein fest! 

Sjekk innom websida deira om du er interessert i å høyre meir av og om dette bandet! Må leggje til at sida har ein knall design! :D

Relaterte lenkjer:

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.