Rock Werchter 2008

sigur_ros_oslo.jpg

Etter å ha innsett at konserten med Radiohead i Glasgow vart for omfattande og for dyr, vart sorg til glede då ein kamerat av meg fant denne festivalen i Leuven i Belgia 3.–6. juli. Her skulle ikkje berre Radiohead spele, men trur du ikkje Sigur Rós og Band Of Horses skulle spele på samme dag? Og om ikkje det var nok, så skal faktisk dei to førstnemnte banda spele på samme scene, rett etter kvarandre.

Av jobbmessige årsaker får eg ikkje med meg andre konserter enn dei som vert avvikla på laurdagen, men når The Hives, The Editors, Band Of Horses, Radiohead, Sigur Rós, med flere, opptrer på samme dag, så er ikkje valget vanskeleg. Alt dette for 6-700 kr. Pluss reise sjølvsagt, men det snakker me ikkje høgt om…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.