Korleis lett unngå planlagde ting

Har du nokon gong stått opp om morgonen, trøtt som fy, og tenkt at denne dagen kunne du godt vore foruten? Eller forresten, dumt spørsmål. Det er vel normalt.

Det Lille Kaffekompaniet

Har du nokon gong stått opp om morgonen, trøtt som fy, og tenkt at denne dagen kunne du godt vore foruten? Eller forresten, dumt spørsmål. Det er vel normalt.

Gårsdagen var slik for meg. Våkna opp trøtt og ikkje akkurat klar for å ta fatt på dagens store og små hendingar. Tid for å bli personleg detaljerte igjen:

Etterkvart som eg fekk gnidd natta ut av augo la eg ein liten slagplan for dagen:

  • Få unna ting på arbeid.
  • Heim og kvile.

Som sagt så var den liten, men god. Men av ein eller annan grunn endte dagen opp slik:

  • Fekk gjort meir arbeid på jobben enn planlagt.
  • Hadde meg ein lengre handlerunde på Oasen (senteret i nabolaget mitt).
  • Handla inn matvarer.
  • Tok etasjevasken (borettslagsplikt). Denne kunne eg tatt i går eller i dag, men er glad eg tok den i går for å seia det sånn.
  • Kokte opp noko godt til middag, og spiste den sjølvsagt.
  • Vaska klede.
  • Rydda i papira mine, og satte alt inn i perm.
  • Rydda og støvsugde leiligheten.
  • Tok oppvasken.
  • Drodla ned forslag til ein logo til ein bekjent.
  • Tok ein liten kvil foran TVen med ein episode av Prison Break.

Ettersom klokka ikkje hadde passert halv ni om kvelden, kunne eg jo likegodt ta turen til sentrum tenkte eg. Turen gjekk til Det Lille Kaffekompaniet for å ta ein velfortjent pause med ein deilig kopp kaffi – mint-kaffi faktisk.

Om det er eit poeng? Foruten at eg må lære meg å holde meg til planer?
Nei, ingen. Fekk jo ikkje gjort det som eg planla :)

Ha ein finfin kveld!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.