So long, KNM Narvik!

Så der, då var eg endelig kome meg av balja og tilbake til det normale igjen. Kan trygt seie at det er deilig å komme tilbake til landjorda og endelig ha nok penger til meir enn smør på brødskiva. Dog det var ein smule vemodig å gå over landgangen for siste gang etter såpass lang tid ombord, og etter så mange opplevelser. Opplevelser eg mest sannsynleg aldri ville opplevd uten å ha tjenestegjort på KNM Narvik.

Svalbard-tokt 2006

Så der, då var eg endelig kome meg av balja og tilbake til det normale igjen. Kan trygt seie at det er deilig å komme tilbake til landjorda og endelig ha nok penger til meir enn smør på brødskiva. Dog det var ein smule vemodig å gå over landgangen for siste gang etter såpass lang tid ombord, og etter så mange opplevelser. Opplevelser eg mest sannsynleg aldri ville opplevd uten å ha tjenestegjort på KNM Narvik.

Som for eksempel siste tokt. Ettersom over halve besetningen vart erstatta av FOST-skadde folk fra KNM Trondheim, så var det ikkje overraskande at den første veka stort sett gjekk ut på å øve seg på havarialarmer og sjøsikre båten til det ekstreme. Dette med sjøsikring skulle vise seg og bli stort sett unødvendig på turen fra Bergen, innom Tromsø, og videre til Longyearbyen på Svalbard. Veret nordover var upåklagelig. Sol frå bortimot klar himmel og blikkstille vatn er ikkje å forrakte når man skal over Barentshavet. I fjor på samme tur, hadde dei storm og opptil 15 meters bølger. Me kom kanskje borti maks 3-4 meters bølger på det aller verste.

Meg p? Bj?rn?ya

På veien nordover frå Tromsø så skjedde det ganske så masse. På tirsdagen i veke 2, altså 29. august, kom me fram til Bjørnøya. Ei lita øy midt i Barentshavet mellom fastlandet og Svalbard. Plassen kunne by på isbading og omvisning hos ein av dei viktigaste ver-stasjonane til Norge og ellers i verden. Dog eg måtte stå over isbadinga pga. sjukdom. Ville vere mest mulig frisk når me skulle tre inn i Kong Neptuns rike ved å bli døypt ved 80 grader nord. Denne lengdegraden vart passert om ettermiddagen den 30. august. Døypinga såg ut til å bli ein kald opplevelse, der vi skulle ligge med bart bryst på ei stor isblokk og bli dynka med eit antall bøtter med isvatn. Antallet blei bestemt av Kong Neptun utifrå kor nøgd han var etter å ha blitt bedt om nåde av det enkelte mannskap. Sjølv blei eg benåda med to bøtter vatn.

På torsdagen var tida komen for å besøke Ny-Ålesund, og dens 100 innbyggere – innbyggere som stort sett kun dreiv med turistbasert virksomhet. Plassen hadde å by på gamal historie og bebyggelse, og ein aldri så liten souvenirbutikk.

Dagen etter passerte vi ein røykfyllt Barentsburg før vi fortøyde ved Bykaia i Longyearbyen for helga. Der var det, for nokon, rett på byen og slå ut håret etter ei lang men opplevelsesrik ferd på sjøen. Eg derimot måtte trøste meg med vakt på båten. Men det var kanskje likegreitt, for penger hadde eg ikkje så altfor masse igjen av. Dagen etter bydde på tur gjennom Adventdalen, ein dal med eit fantastisk landskap. Dønn flate sletter omringa av bratte fjell. Etterkvart som butikkane opna utpå formiddagen, så var det tid for å leke turist. Alle souvenirbutikkane vart snoka i, og her vart det brukt eit par kroner for mykje. Dog, no i etterkant synes eg det kanskje var likegreitt med masse minner frå staden. Kvelden vart tilbragt på Carls-Berger (du kan gjette kva plass det er berre ved å lese namnet…), og Huset. Førstnemnte har visstnok eitt av verdens største utvalg av whisky og rom, dog eg holder meg fortsatt stort sett til øl.

Carlsberger Pub p? Svalbard

Dagen etter var formen overraskende god, og det var tid for å utforske isbreområda på Svalbard. Turen gjekk frå Nybyen øverst i Longyearby-dalen, og opp på austsida av toppen Sakrofagen (500 moh). Herifrå var det ein fantastisk utsikt over byen. Turen videre gjekk ned på andre sida av dette fjellet, og nedover på Longyearbreen. Her passerte me djupe bregroper med fossefall. I enden av breen fekk me sjansen til å sjå 60 millioner år gamle fossiler. Me fant ingen dyrefossiler, kun fossiler av blad og andre plantevekster.

Utsikt over Longyearbyen

Som sagt var dette ein fantastisk avslutning på året mitt som menig i det norske forsvaret. Om du har eit ynskje om å sjå ein natur du sjelden har sett maken til, då er ein tur til Svalbard og Spitsbergen verdt å ta. Dog det kan grave djupt i pengeboka di :)

Eg har tatt ein del bilete frå turen, og dei kan sjåast ved å stikke hovudet innom fotoalbumet mitt. Enjoy!

Relaterte linker:

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.