Skriftsnitt: Parallello

Det er tydeleg at kreativiteten min begynner å stige til nye nivå igjen. Men det er kanskje på tide med tanke på at det nærmar seg slutten på førstegongstenesta og at det snart er tilbake i full jobb igjen. Som du kan sjå av biletet over så er det snakk om eitt nytt skriftsnitt. Det andre på under ei veke. I present to you – Parallello!

parallello

Denne har egentleg ligget i bakhovudet mitt ganske lenge, heilt sidan ein kald vårdag på skiltet. Skiltet er då navnet på landgangsvakta på fregatten. Attmed meg låg det eit par paller, og på dei fleste var det brent inn ting og tang av større og mindre betydning. Men det var ei palle som interesserte meg meir enn dei andre. Ikkje fordi den var finare eller den slags, men rett og slett fordi den hadde eit ord – green – skrive med ei ganske kul skrift.

Så eg bestemte meg for at den skulle eg jammen meg få laga ei skriftsnitt av. Det tok som nemnt litt tid, men her er den vertfall: Last ned Parallello, eller test den ut her før nedlasting.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.