Dette er meg og mitt

Sidan eg starta denne bloggen i 2002 har det skjedd ein god del i mitt analoge og digitale liv. Som ein vanleg ungdom sat eg kvisete og utan særlege sosiale antenner på hybelen i Bergen og knota foran skjermen. Dag ut og dag inn — og mange lange netter. Samstundes jobba eg iherdig med å utdanne meg til mediegrafikar.

Sidan fekk eg jobb hjå Bodoni, eit trykkeri/setteri i hjarta av Bergen. Frå å ha fint lite kunnskap om design, vev, trykksaker og typografi, tileigna eg meg fort relativt greie kunnskapar innan dette i løpet av mine år i Hansabyen. Dels på jobb og dels på privaten. Mange av mine kunnskaper og favoritter deler eg med deg i dag, gjerne via mine fredagsknask!

Som nemnt har eg ein fot innan typografi, og eg elsker emnet såpass at det innimellom dukkar opp skrifter eg sjølv har laga. Skummelt som det kan høyrast ut, er det mi eiga handskrift, Asphyxiate, som toppar statistikken på antal nedlastingar!

Etter eg møtte kona mi i 2007 har ting forandra seg til det perfekte. Me gifta oss i storslåtte omgivnader på basarholmen Halsnøy, flytta ut av vår vesle leilegheit i Bergen, kjøpte oss hus på Horneland på heimstaden min Stord, vorten pappa og nyt no arbeidsdagane hjå Zpirit reklamebyrå på Stord.

Kva med deg?

Kommentér gjerne innlegga i bloggen. Ellers kan me jo alltids ta ein tur på kafé og få utfoldelse for tanker og andre viktige utfordringar i samfunnet. Om du ikkje likar slitte kaféar, kan du som regel treffe meg på nettet via desse kanalane:

Ha ein strålande dag!