Sigur Rós går under jorda

I dag ville eg berre dela ei fantastisk musikalsk oppleving med mine lesarar. Den franske nettstaden La Blogothèque har ein serie kalla Empty Space. Der presenterar dei artistar som spelar på ein uvanleg scene. I deira siste episode ser me Sigur Rós, eit av mine favorittband, spele Hrafntinna i ei hule langt under Paris sine gater. Hrafntinna er islandsk for ein naturleg bergart av type glass (eller noko sånt). Vakkert!

I tidlegare episodar kan du blant anna sjå Phoenix spele konsert på eit fly og Franz Ferdinand spele i trappa på Hotel Crillon i Paris.

PS: Likar du òg Sigur Ròs og ikkje fått med deg at dei spelar i Oslo Spektrum i november? Kjøp billettar sporenstreks!

Prompøst

At eg er ein ihuga typografil er ikkje vanskeleg å merke. For dei som kjenner meg har eg alltid elska å høyre på musikk — nesten uanskvett kor eg befinn meg. Det ingen har hatt nyss om, er at eg i dag debuterar som artist sjølv!

Les vidare →

Agurktid?

Sumaren nærmar seg, og med den solstikk, solbrentheit, og uventa regnbyger i hytt og pine. Me får satse på at det vert minst av det siste, dog for slike dagar kan det kanskje vere artig å prøve dette finurlege spelet. For min del så skal eg få ein forsmak på ferien ved å dra ned…

Les vidare →