Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Merkelapp-arkiv for «julekalender»

Bokstav-klanen

Sida til klanen eg skal presentere eit utdrag frå i dag er ganske hyggjeleg. Dette er ein blogg med rikt typografisk innhald, med hovudfokus på å framheve folka bak bokstavane — dei som gjer seg flid med det enkelte teikn.

Skrifter/typografi , , , ,

Svolten på ei original skrift?

Om du er det, ja, då treng du ikkje leite vidare. Det er tysdag, ein dag som er fylt til randen av arbeidsoppgåver og det er vel passande å presentere ei skrift med skikkeleg kjøtt på beina!

Artfundige saker, Skrifter/typografi , , ,

Møt Rosetta

Eg skreiv for nokre dagar sidan om ei skrift som var spesiallaga for personar med dysleksi. Innanfor typografien her i «vesten» er det kanskje ikkje mange som kjenner til skriftprodusentar som spesialiserer seg i å lage til ei skrift som fungere fleire språk. Det er på tide å møte Rosetta.

Skrifter/typografi , ,

Eit typografisk paradis

Eg er av typen som ser på korleis eit magasin eller ei bok er satt opp før eg startar om att for å lese innhald. Eit magasin eg gjerne skulle hatt kloa i for typografien sin del, er nummeret eg skal vise glimt frå til deg i dag.

Skrifter/typografi , , ,

Strekker seg litt lengre

Greit nok at skriftene ein har på datamaskina er vektoriserte og dermed kan pumpast opp i uendeleg storleik, men har du nokon gong sett ei skrift som fysisk sett strekker seg litt lengre? Ikkje? Då skal du få sjå det i luka for dagen!

Skrifter/typografi , , ,

Gratis skrift: Weston

Me er åtte dagar ut i julemånaden, og eg føler det kanskje er på tide å gi deg noko kjekt og gratis i julekalenderen. Difor skal du i dag få ei feiande flott skrift i gåve!

Skrifter/typografi , , , , ,

Skrift for dyslektikarar

Eg lova deg gratis skrifter i julekalenderen innleiingsvis, men eg må halde deg på pinebenken litt til. I staden skal eg i dag vise deg eit gjennombrot når det gjeld tilgjenge og leselyst hjå dyslektikarar. Opne luka for dagen og sjå sjølv!

Artfundige saker, Skrifter/typografi , , , ,

Teikn eit teikn

Eg reknar med du stadig vekk sit og klør deg i hovudet og gjerne hatt unicode-koden for diverse teikn. I dag kan eg i såfall dele noko som kan glede kvar ein nerdete sjel der ute — i alle fall om du kan teikne teiknet…

Artfundige saker, Datateknologi, Skrifter/typografi , , , ,

Lær deg alfabetet

Deter mange skrifter der ute. Kanskje altfor mange. Men om du satte opp eit alfabet for kvar skrift, kan trøyste deg med at det finnesein god del fleire forskjellige bokstavar. Bak luka for dagen kan eg vise deg ein blogg som har teke dette litt vidare!

Skrifter/typografi , , , ,

Summary in english:

Posts tagged “julekalender”

Scan through the results, and click on the title to view the magnificent content!

Enjoy your coffee!


v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional