Knask på ein fredag: Januar
Bjørner søv i hi, og nokre har allereie gått milevis på ski. Det er siste fredagen i årets fyrste månad. Det kan vere hardt, så la oss alle ta ein omstart. Amen.
Ein hund etter skrift
Av og til kan ein utifrå namnet på ein person sjå for seg korleis han eller ho ser ut. Men kva om ein spør det same spørsmålet, men vrir det mot typografien? Korleis ville hunden «Bodoni» sjå ut? Eller «Comic Sans»?! Opne dagens luke for å sjå!
Comic Sans redder skriftverda?
Skal me tru folka i College Humor er det nettopp Comic Sans som skal redde skriftverda frå nye påtrengane skrifter. Ironisk? Nja, akkurat denne gong kan det faktisk vere til det betre at det ikkje er det…
Design-politiet
Det kan jo nesten høyre ut som ein ny serie som skal rulle over TV-skjermen, men dette er faktisk noko du (som designer eller einkvarmann) skal bruke i kampen mot dårleg design. Dette er kanskje gamalt nytt for mange (tilogmed meg), men tenkte eg skulle nemne det likevel.