Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Kategori for «Personleg»

Om det mot formodning skulle dukke opp noko spanande i livet mitt, så er sjansen for at eg skriver om det i denne kategorien.

Nerdete kjærleik

Det nærmar seg den såkalla «alle hjarters dag» (Valentines Day), og ein vert overlessa av kommersielt mas om å kjøpe ditt og datt til din kjære. Er du lei raude hjarter og klisjétekstar, er denne samlinga noko for deg…

Artfundige saker, Datateknologi, Personleg , , , ,

Kva med ein festival i mørket?

Dei fleste festivalar er forbunden med sol, sommar og utescener. Her på Stord er det fint få festivalar når sola skin, då tek nemleg lokalfolket ferie. På vinterstid derimot, rundt 26. februar, vert det liv i leiren!

Musikk, Personleg , , , , , , , , , ,

New York, sa du?

Kva gjer du når du har eit bilete du er godt nøgd med, men som berre ligg og sleng på harddisken, og har lyst på litt spenning? Jo, man sender det inn til ein aldri så liten fotokonkurranse!

Fotografi, Personleg , , , ,

Kva småverktyg nyttar du?

Alt i verda har ein samanheng. Små ting i kvardagen kan utgjere den store forskjellen. Dette gjeld også for programma du nyttar på maskina di. Kva meiner du er essensielt å ha?

Datateknologi, Grafikk/design, Personleg , , , , , , , , , ,

God jul til deg frå meg!

Då var dagen komen. Pakkane skal vere plassert under det grøne glitrande treet, julematen skal straks putre på komfyren og finstasen skal straks på. Men aller fyrst: Julegåva frå meg til deg!

Personleg, Skrifter/typografi , ,

Ein ny start — på mange måtar

Eg har lenge lurt på om eg skulle skifte ut designet på bloggen min. Som regel går det mykje tid på å prøve å finne det rette uttrykket, og som regel går det meste i bossbytta før det har sett dagens lys. Designet du ser no vart eit unnatak på alle måtar. Det vart satt saman i løpet av eit par korte, men effektive dagar foran PC-en. Utkast 12 av versjon 10 av the unborn chikken er ein realitet!

Grafikk/design, Personleg, Skrifter/typografi , , , , , , , , ,

Knask på ein fredag, veke 5

Eg stilte eit kort og enkelt spørmål på the unborn chikken si «fanside» på Facebook om eg burde starte å ha knask til deg kvar fredag. Responsen var ikkje enorm, men nok til at eg overtala meg sjølv til å gje deg det som veka byr på av fiffige ting eg finn på nettet. Eg får stupe i det!

Artfundige saker, Grafikk/design, Personleg, Skrifter/typografi , , , , , , , , , , , ,

Kva skjer i Bergen, folkens? Pt. 2

Eg har budd i Bergen i åtte år, og teke meg den friheita å køyre med bil til jobb fire gongar. Fire av rundt rekna 1840 moglege gongar (då er ferie- og høgtidsdagar trukke i frå). Korleis er statistikken til ein arbeidstakar i Bergen for tida? Eg berre undrar, sånn ut av det grå.

Automobil, Personleg , , , ,

«Oppsumering» er eit kjedeleg ord

Eg kan ikkje seie det same om året som no er gått. Eg trur sjeldan at eit menneske får oppleve så mykje godt som eg har dette siste året. I tillegg til å ha vorten kjent med mange nye fjes, har eg feira mitt første kvartal av eit århundre, gifta meg med ei prinsesse, flytta tilbake til Stord, fått ny jobb, nytt hus og skifta ut MINI Jack med ein Volvo V70.

Personleg , , , , , , , ,

Kva skjer i Bergen, folkens?

Var i Bergen på julebord i helga, og fekk til min store overraskelse vite at kaféen Capello i Skostredet hadde gått konkurs. Dette berre kort tid etter at den velkjente Vågen Fetevare også hadde stengt dørene. Er det mi skuld?

Personleg , , , ,

Summary in english:

Posts in category “Personleg”

Scan through the results, and click on the title to view the magnificent content!

Enjoy your coffee!


v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional