CS

Ettersom sida mi for det meste omhandler design i forskjellige variantar, så kunne ordet CS vore ei side som omhandla Adobe sin Creative Suite-pakke. Men det er det ikkje. Som gammel (hardbarka) Counter-Strike spelar, laga eg også eindel maps til dette spelet, som igjen har hausta gode tilbakemeldingar. Det er eine og aleine grunnen til at dei fortsatt er å finne her :)

Som sagt er det ei stund sidan eg dreiv på med å lage maps, så om du treng hjelp til noko slikt, overlater eg det ansvaret til min alltids gode venn Google. Han finner ut det meste for deg. Sjekk ellers ut relevante lenkjer til høgre.

Have fun!

cs_s_italy

I italienske omgivelser, slik som i orginalen: cs_italy. Tre år er lenge, og på den tida visste eg ikkje korleis eg skulle lage rednings-merket kor CT’ane skal bringe gissela til, så mappet har ingen klar redningsplass. Denne er ved vanntårnet (som fortsatt bråker noko infernarisk). Har ikkje mulighet til å fikse desse problema, for eg har ikkje arbeidsfila til det. Enjoy!

Last ned | 776kb

cs_sus

Nesten nøyaktig kopi av min tidlegare ungdomsskule: Stord Ungdomsskule. Har vore eit utruleg populært map å laste ned. Veit ikkje kvifor… (jau, litt ironi var det)

PS: Dette mappet var fanga opp av media i 2008.

Last ned | 1,37mb

de_culture (poolday)

Kulturhuset på øya Stord på Vestlandet. Igjen eit bygg som i kjent stil blir laga om til cs-brett. Dette er ein «utbygget» versjon av de_culture (egentlig ein beta som ikkje blir ferdig). Denne versjonen har i forhold til forrige versjon, bassenget, og den gamle teatersalen (der småsalen er) er tatt vekk. Tviler på at denne blir gjort noko meir med.

Last ned | 1,07mb

de_nek

Skyt, plant, overlev, spise niste. OBS! 4 spelarar er nok…

Last ned | ubetydeleg filstorleik

de_room33

Hadde berre så lyst å lage noko som ikkje var vanleg. Og resultatet taler for seg. Eit forvirrandes brett som ikkje bør spelast etter eit godt måltid. Seier no eg.

Last ned | 578kb

fy_haveaswim

Etter ønske av Håkon så laga eg dette mappet. Ganske god ide og om eg sku ha sagt da sjølv. Benytte meg her sjansen å seie lol. Basert på de_culture’s bassengdel.

Last ned | 409kb

1 Comment