Klar for å verte skogvoktar?

Glad i rolege turar i skog og mark, og oppleve fargerike solnedgangar? Kanskje du samstundes òg har ein kjærleik til dataspel? Kanskje rar kombo, men då vil eg råda deg til å prøve ut indie-spelet Firewatch.

Firewatch-screenshot

Spelet er utgjeven av Campo Santo i samarbeid med Panic Inc., og det var via sistnemnte eg oppdaga at dette spelet var i emning. Panic Inc. gir nemnleg ut mitt favorittkodeprogram: Coda. Nok avsporing:

Skal ikkje fortelle for mykje, men spelet byr på fine fargar, deilig grafikk, gode replikkar og ein god del vandring i skogen. Du tek rolla, og sommarjobb, som skokvoktaren Henry, og eg kan røpe at det ikkje er beint fram ein heilt vanleg sommarjobb…

Sjå filmen over, bli forelska og spel spelet!

PS: Panic nemner at dei i løpet av første månaden solgte 500.000 utgåver av spelet! Les meir her (med ver merksam på at det er store spoilers i saka!)

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.