Sterk film om eit viktig tema

Eg er førebels berre støtte­medlem til Røde Kors, men håpar på at eg ein dag kan ta steget vidare og bidra meir aktivt for å hjelpe min neste.

For ein ting er sikkert: Det er mange der ute som treng hjelp, støtte, eller berre nokon å snakke med. Røde Kors på Island og The Icelandic Mental Health Alliance (Geðhjálp) har fått laga ein film som tek opp eit viktig tema som rammar så altfor mange — og kanskje særleg i desse tider!

Eg skal ikkje fortelje meir. Sjå!

Sjekk ut sida Utmeda for meir infor­masjon!

Ta godt vare på kvarandre, og ha ei riktig så god jul og ei fin nyttårshelg!