Facebook vs. stein, saks og papir

Facebook-Paper

Til tross for utallige (tomme) spådommar om at Facebook kjem til å dø ut, samstundes som at nettsamfunnet går med nær tosifra tal i milliardoverskot, gjer Facebook stadig nye spennande ting. Facebook har teke nettsamfunn frå steinalderen og inn i framtida. Dei har vist/gjort at saksing frå andre nettstader er viktig for folk flest. 3. februar er dei tilbake til blankt papir…

Papirutgåve av Facebook?

Sjølv om det kunne vore interessant å sett, så kjem ikkje nettsamfunnet til å kome ut på ekte papir. Det hadde nok vore tidkrevande, berre sjå her. Men når Facebook kjem med endringar på designet eller funksjonaliteten, viser det att på kjenslene til folk. Nokre vert fortvila og misliker, nei, hatar at endringane skjer. Andre, meg inkludert, prisar det opp i himlen og sit gjerne spent å ventar på kva nytt dei finn på.

http://vimeo.com/85421325

No, nøyaktig ti år etter oppstaren, er dei klar med eit nytt prosjekt. Med ein app enkelt og greit kalla for Paper, skal dei fortelje historiar. Historiar som du set saman sjølv. Det verkar for meg at dette er ei god gamal RSS-straum i ny drakt, men eg er likevel ein av dei mange som kjem til å laste ned appklikasjonen for å finne ut kva dette er — når/om den ein gong kjem til Noreg. Førebels er det berre våre vener over there som får utforske denne nye digitale historieforteljinga.

Sjekk ut denne nettsida for å lesa meir.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.