Perfekt-ish.

ish

Ein snakkar jo stadig om respon­s­ivitet når det kjem til nettsider. I tillegg finst det sikkert hundrevis (om ikkje tusenvis) av sider som viser deg korleis nettsida di ser ut i forskjellige storleikar på digitale skjermar (òg kalla viewport).

Eg har tidlegare tipsa deg om The Responsinator som viser deg sida du spesi­fi­serar inni ein mobil duppeditt. No har eg funne ein som er tildels like nyttig, men heilt klart meir gøyal. For kva vert betre enn eit verkty som har ein eigen disco-modus?

Sjekk ut ish. 2.0 frå Brad Frost!