Skriv ei verdsnyhend på null komma niks

Throwww

Manglar du ein eigen blogg, eller ikkje vil opprette ein, men er ein som elskar å skrive og vil fortelle det fort­are enn svint til folk? Her er løysin­ga til deg!

Kast deg ut i det

Throwww-skriv Blanke ark manglar fargestiftar!

Ten­es­ta har namn Throwww, og du bør sporen­streks bok­merke denne om du fell i kato­gorien nem­nt over. Alt som skal til er å gå inn på www.throwww.com og kaste deg i gong med skrivin­ga.

Skriv i veg!

Straks du skriv nokre ord kjem det opp ei verk­ty­line som du kan for­matere tek­sten din, set­je inn bileter og oppret­ter lenkjer.

Del med andre

Når du føler du er nøgd med meis­ter­ver­ket ditt, er det berre til å pub­lis­ere til heile ver­da. Du kan vel­je om du vil pub­lis­ere anonymt, eller merke det med Twit­ter-brukaren din. Gjer du det via sist­nem­nte kan folk sjå ein over­sikt over alle dine inn­legg, i til­legg til å fyl­gje dine fram­tidi­ge verd­sny­hende. Deretter er det berre til å dele lenk­ja med dei du måtte ynskje. Enklare vert det ikkje!

Send ut ei verd­sny­hend utan ekstra kalo­ri­ar på Throwww du òg!

PS: Her kan du for­resten sjå mitt testinn­legg på blog­gten­es­ta.