Lovens lange bart

Donate_NB_HP

Me er straks ved endestoggen til november. Ikkje noko spesielt sånn eigentleg, men i år som i fjor, og året før der igjen, gror eg bart under nasa for å fremme menn si helse. Kvar november pågår innsamlingsaksjonen Movember for å samle inn pengar til forsking på prostatakreft.

Årets bart har ikkje gått heilt upåakta hen. Saman med min avdelingsleiar vart me intervjua og avfotografert saman med 13 polititenestemenn i avisa Sunnhordland… Folk har i alle fall lagt merke til oss, for den «nye» småpraten kan fortone seg nokonlunde likt som i videoen under:

Det er fortsatt ikkje for seint!

Sjølv om det berre er eit par dagar att er det fortsatt mogleg å støtte aksjonen, og gjerne barten min, ved å følgje lenkje til min profil på aksjonsnettstaden.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.