Sigur Rós går under jorda

I dag ville eg berre dela ei fantastisk musikalsk oppleving med mine lesarar. Den franske nettstaden La Blogothèque har ein serie kalla Empty Space. Der presenterar dei artistar som spelar på ein uvanleg scene. I deira siste episode ser me Sigur Rós, eit av mine favorittband, spele Hrafntinna i ei hule langt under Paris sine gater. Hrafntinna er islandsk for ein naturleg bergart av type glass (eller noko sånt). Vakkert!

I tidlegare episodar kan du blant anna sjå Phoenix spele konsert på eit fly og Franz Ferdinand spele i trappa på Hotel Crillon i Paris.

PS: Likar du òg Sigur Ròs og ikkje fått med deg at dei spelar i Oslo Spektrum i november? Kjøp billettar sporenstreks!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.