Sigur Rós går under jorda

I dag ville eg berre dela ei fan­tastisk musikalsk opplev­ing med mine lesarar. Den franske nettstaden La Blo­gothèque har ein serie kalla Emp­ty Space. Der pre­sen­ter­ar dei artis­tar som spelar på ein uvan­leg scene. I deira siste episode ser me Sig­ur Rós, eit av mine favorit­tband, spele Hrafntin­na i ei hule langt under Paris sine gater. Hrafntin­na er island­sk for ein natur­leg bergart av type glass (eller noko sånt). Vakkert!

I tidle­gare episo­dar kan du blant anna sjå Phoenix spele kon­sert på eit fly og Franz Fer­di­nand spele i trap­pa på Hotel Cril­lon i Paris.

PS: Likar du òg Sig­ur Ròs og ikkje fått med deg at dei spelar i Oslo Spek­trum i novem­ber? Kjøp bil­let­tar sporen­streks!