Stafettveksling på Stord

Nynorskstafetten har akkurat hatt ein månads pause, og i morgon parkerar dei bilen med stafettpinnen i verdas største nynorskkommune, Stord.

Nynorskstafett-bilen

Som eg skreiv om i januar, så er Noregs Mållag på ei reise rundt i landet, ein såkalla nynorskstafett, som sitt bidrag til Språkåret 2013. I morgon, tysdag 20. august, startar dei opp att på Stord, min heimstad, etter ein kort sommarpause. Deira knall oransje bil skal ikkje vera vanskeleg å oppdaga, men du finn den i alle fall på øya i løpet av dagen.

Les gjerne gjennom bloggen deira for å vite litt meir om kva godsaker dei har på lur til deg.

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.