Det nye eplet

Apple inviterar til konferanse. Folk sitrar i spenning. Mockups og konsepter oppstår i kreti og pleti. Kva vert presentert? Kjem det ein revolusjon, evolusjon eller berre småpirk? Eg har kort oppsummert mine tankar rundt det dei hadde å koma med på deira WWDC-presentasjon i går kveld.

Apple inviterar til konferanse. Folk sitrar i spenning. Mockups og konsepter oppstår i kreti og pleti. Kva vert presentert? Kjem det ein revolusjon, evolusjon eller berre småpirk? Eg har kort oppsummert mine tankar rundt det dei hadde å koma med på deira WWDC-presentasjon i går kveld.

Apple slapp som forventa mykje nytt på deira årlege Word Wide Developer Conference dei heldt i går. Sjølv var eg mest spent på kva nyhende dei hadde å koma med når det gjaldt OS X og iOS 7.

OS X Mavericks

OS X Mavericks

Apple sin neste versjon av OS X vert ikkje så veldig revolusjonerande, men oppdateringane gjer nok kvardagen enklare for dei som blant anna nyttar fleire skjermar. Namnerekkja med løver er òg historie, og erstatta med ei bølgje. Nærare bestemt ei stor kjent surfebølgje dei kallar for mavericks over there.

iOS 7

iOS7

Her var det mykje knask, og tilbakemeldingane lot ikkje vente på seg. Kommentarfelt rundt om bugna over av både positive og negative ord — i kjend stil. Dei har i iOS 7 gått frå deira velkjende skeuomorfisme til flatt design. Mogleg det er ei tilvenning som skal til, men dette vart kanskje for flatt for Apple. Fargane vart kanskje litt glorete, men eg meiner det er gjort eit godt stykke arbeid likevel.

iOS-vs-Windows-Phone

Må innrømme at i det eg såg presentasjonen av mobiloperativsystemet i går, fekk eg flashback til brukargrensesnittet  til Windows Phone (WP). Det er ikkje berre eg som har sett like trekk, berre sjekk her. Eg har likt typografien og det enkle designet til WP (og forsåvidt Windows 8) sidan det kom på marknaden, men ser på skjermbileter at iOS kanskje vert hakket meir fullført når det kjem til reint og gjennomført design, og god typografi.

Den største forskjellen er forhåpentleg at Apple sitt operativsystem funker out-of-the-box, men likevel…

Mac Pro

Apple Mac Pro

I tillegg til iOS 7 og OS X Mavericks hadde Apple òg ein aldri så liten godbit til folket. I går ville dei vise fram noko dei «for tida arbeidar med», nemleg ei flett ny utgåve av den gamle travaren Mac Pro. Etter mange år utan oppgraderingar å snakka om var nok dette  etterlengta nytt. Forutan å ha designa ein svart juvel i særklasse, er nettpresentasjon òg eit heftisk skaparverk! For å seia det sånn: eg hadde ikkje sagt nei til ein slik maskin, nei!

Konklusjon

Dette er berre ein kort presentasjon, men kort oppsummert er eg vel ein av dei mange som både ser fram til eit nytt iOS samstundes som ein lurer på kor UI-designarane var då avgjerda for fargar og ikon vart tekne… Men, det er klart at Jonathan Ive er hjernen bak heile designomkalfatringa; dette er absolutt gjennomført stilmessig! Så får me berre vente til hausten dukkar opp!

3 Comments

Jeg må si at jeg gleder meg veldig til å teste ut
den ferdige versjonen av iOS 7.0. Det kommer
hele tiden ut nye betaer, og alle inneholder nye
spennende funksjoner.
Det er tydelig at mr Ive vet hva han gjør her:)

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.