Knask på ein fredag: Mai

Det er siste dag i månaden med flestfridagar, men sidan det er fredag er det klart for litt deilig knask! I dag kan du lese om alt frå gode gamle GIF-animasjonar til folk som vert smidd i hymens lenkjer.

Kven sa at animerte GIF-filer var avleggs?

Guifff

I nettverda dukkar den eine designperla etter den andre med fancy animasjonar i Flash, HTML5 og Ajax/jQuery. Det er då enkelt å tenkje at det gamle filformatet GIF var avleggs og utdatert. Så feil kan ein ta. Slik eg ser det er den meir aktuell enn nokon gong: den er allsidig, liten av storleik (alt er relativt sjølvsagt) og den vert støtta av nettlesarar frå det førre århundret.

Nok fjaseprat.

Mange designarar nyttar denne gamle teknologien til å vise moderne design og måtar å vise det vesle ekstra. Ein designerkar ved namn Jan Cantor har samla mange deilige GIF-animasjonar ein kan finne på Designdelingsnettstaden Dribbble. Primært er det visningar av design frå forskjellige mobil app-ar, men det spenn seg frå «enkle» snuttar til meir avanserte korleis-trakte-kaffi-animasjonar.

Hymens lenkjer, pt. 2

Artem and Julia

Eg skreiv om eit liknande prosjekt i august i fjor, men det er tydleg at det er noko som vert meir og meir vanleg. I dei tilfella der brudeparet har litt ekstra på hjarta som ikkje er fysisk mogleg å få plass til i ein vanleg invitasjon, er det greit å få den ned på ei nettside. Dersom brura og brudgommen òg innehar gode kunnskapar innan design, illustrasjon og programmering, ja då får du resultatet til det kommande ekteparet Artem og Julia. Vakkert!

Tid til overs?

Gå til Google Bilder og søk etter «Atari Breakout». God helg!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.