Lyst å sjå dagen i perspektiv?

here-is-today

Nettsida Here is Today sin einaste misjon er å vise deg særs visuelt korleis dagen i dag er i eit større perspektiv. Altså kor stor er dagen i dag i forhold til andre tider — til dømes månaden me er i, insekta og jordkloden vår.

Den er skapt av Luke Twyman i WhiteVinyl, ein kløppar på design både på papir og nett. Og musikk når han har tid.