Knask på ein fredag: Mars

I knasket frå mars finn ein mange små og store godbitar. Alt frå tips til korleis ein kan ha det i heimen til finurlege digitale oppfinningar. Velkomen inn til nye knask!

Du finner det meste på Finn!

Inspirato

Det er ingen overraskelse at du finner litt av kvart på Finn, men av og til dukker det opp skikkelege skattar av interiør og produkt. På bloggen Inspirato får du eit lite innblikk i nokre av desse fantastiske finurlegheitane som er å finne på den største markedsplassen i Noreg.

iPad versus papir

iPad er ein finurleg og til tider praktisk dippedutt. Sjølv har eg ingen planar om å skaffe meg ein, men andre har vanskeleg for å leggja den frå seg når ein fyrst set seg ned i sofakroken og sveiper fingrane over glassplata. Apple seier sjølv at det alltid finst ein applikasjon for alt, men det kan hende at ein møter på nokre få utfordringar som ikkje let seg (lett) løysa med iPad. Sjå berre i videoen over…

Fjordgløtt

Foto: Sean Meling Murray
Foto: Sean Meling Murray

Alle som har kjøpt eller solgt bopel kjenner til uttrykk som «Fjordgløtt», «Steinkast frå sentrum» og «Solgt som den er». Men kva ligg bak desse uttrykka, og kva betyr dei eigentleg? Sparebanken Vest hadde onsdag 13. mars lynkurs for unge boligkjøparar saman med representantar frå Raske Menn. Hjå dei fekk publikum svar på det som måtte vera av uttrykk – og erfare at ikkje alt er like rosenraudt som det høyres ut…

Om du er interessert i å få med deg lynkurset dei skal ha 10. april, er det berre til å melde seg på her!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.