Knask på ein fredag: Februar

Twitter Live

Tweet Ping

Har du nokon gong lurt på kor mange tvitringar som vert sendt her i verda, sånn akkurat no? Då er nettsida Tweet Ping staden å besøka for å få svar. Skaparen bak nettstaden Franck Ernewein gir deg nemleg direkteoppdatering på mengda av alle tvitringar på kvart eit kontinent frå sekundet du entrar sida!

Kor kreativ er du?

Kreativitetstesten

Tenkjer du å ta ei utdanning innan kretive yrker? Vel, uansett kva utdanningsveg du velgjer å gå er Kreativitetstesten til Norges Kreative Fagskole ei artig side å besøkje om du har lyst på lettbeint og kreativ underhaldning på ein fredag!

Har du 4 800 000 000 000 000 kr liggjande?

Death-Star

Eg har allereie skrive om norske Fønd, men Kickstarter har nok med dette prosjektet overgått alt og alle med eit overordna mål om å samle inn £543,000,000,000,000 (4 800 000 000 000 000 norske kroner) på rimeleg kort tid. Med vel 30 dagar att har dei samla inn i overkant av £300,000… Lykke til!