Knask på ein fredag: Januar

Kreativ — alltid!

Always Creative

Always Creative er eit kreativt byrå i Houston som lev etter regelen å sjå det store biletet og leggje vekt på den minste detalj i deira arbeid. Ikkje berre er arbeidet deira i toppklasse, men nettsida er ein førnøyelsespark i seg sjølv. Oppdag nye dimensjonar innan nettsider etter eit besøk på nettstaden deira. Dei er som namnet deira seier — alltid kreative!

Vert du med på sykkeltur?

Du har kanskje sett videoen over før, men eg må berre dela den her på bloggen òg. Videoen omhandlar eit fantastisk mesterverk av Ugo Gattoni. Ei teikning i fem meters breidde som tek deg med inn i London sine gater sett frå perspektivet til ein syklist. Makalaust!

Ha ein fantastisk tur!

Combadi

Å planleggje ei feriereise kan vera slitsom om ein ikkje veit spesifikt kva og kor ein skal setje reisemålet for å få dei beste opplevingane. Her kjem Combadi inn som ein reddande engel. Dette er ei teneste som arbeidar for å gje deg den beste opplevinga — den som er heilt utanom alfarveg og det vanlege. God tur!