Knask på ein fredag: November/desember

Det er bikka over til 2013, men eg har til no ikkje fått tid og sjans til å gje deg knask frå november og desember. Slår difor to floger i ein smekk og gir deg knask frå begge månadane for å plastre på tomrommet!

Lyst å imponere ein pingvin?

Impress A Penguin

Penguin Press i London ser etter dyktige folk til stallen sin. Dei har nemleg ein pingvin som gjerne skulle hatt fleire å leike saman med, slik at fleire les bøkene deira — og får deg til å snakke om dei. Imponer ein pingvin her!

Leik med dine vener

http://www.youtube.com/watch?v=kPbDW_Y72Aw

IKEA har laga ein artig liten video for å vise kva ein kan gjere med gode vener i alle fargar og fasongar. Handlinga føregår sjølvsagt i ein særs IKEA-inspirert heim… Fin song har den også!

Touch me!

Gestures Icons

Lagar du applikasjonar på dippeduttar med berøringsskjerm? Slit du med å finne riktige og passande ikoner for å vise korleis applikasjonen virkar? Då treng du ikkje leite lenger enn desse fantastiske ikona av Prekesh Chavda. Invester ved å klikke her!

Prima-vare!

Prime-Icon

Dersom du ikkje lagar noko for berøringsskjerm med for vanleg skjerm eller på papir, kan Prime-ikona frå same person (altså Prekesh Chavda) vere noko for deg. Sjekk dei ut og kjøp Prime²-settet her så får du fyrste settet gratis!

Plenty of Oil

Denne videoen treng ingen tekst — den må sjåast. Både når det gjeld innhal og animasjonar!

Måleri eller fotografi?

Gina Heyer

Dersom du er ein habil kunstmålar bør du absolutt ta ein titt på fotografia, eh, eg meiner måleria, til Gina Heyer. Dei er så fotografisk gode at ein nesten må studere dei med forstørrelsesglas før ein trur det. Makan!

Barnemat

Barnemat

Me avsluttar årets siste knask med noko, eh, knask. Det du ser over er eit røntgenbilete av eit lite barns hovud, rett før mjølketennene fell ut. Dette kan vel trygt seiast å vere skumlare enn alle Alien-filmane til saman.

Ha ein fin kveld, og sov godt!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.