Fønd

Du har sikkert høyrt om tenesta Kickstarter, tenesta der ameri­kanske og britiske gründerar ytrar ynskjer om sponsa midler til å få realisert draume­pro­sjekta sine. Tenesta er såkalla crowd­funding, der du og eg spyttar i nokre kroner for at prosjekta vert gjennomført.

Det er mange om beina her, men norrøne skapningar som oss får uansett ikkje delta og å realisera våre idéar gjennom denne sida kan me jo berre gløyme. Me har jo alltids Innovasjon Norge, men den er jo styrt av staten og ikkje oss vanleg dødelege...

Heldigvis er ting i kraftig endring!

Takka vera fem engasjerte norske gutter vart nemleg Fønd, Skandinavia sitt svar på Kickstarter, lansert. Her kan no nordmenn leggje ut infor­masjon, idéar, bileter av proto­typar osb., for å fortelje deg og meg om poten­sialet i sitt produkt. Her er det opning for tilbake­melding frå forbru­karen og markedet, samt rom for innovative nyvin­ningar!

Her er eit klipp frå filmen «Pornopung», som er eit prosjekt du kan finne på Fønd.

Naturleg nok er det per i dag ikkje mange prosjekter som er lagt ut, men dette reknar eg med tek seg opp etter­kvart. Verdt å nemne er at filmen Pornopung, basert på boka, er på lista over prosjekt som treng fønding for å verta gjennomført som ynskja.

Sjekk ut Fønd! Kanskje ditt draume­pro­sjekt endeleg kan verta verkeleg?

  • Hei Espen,
    Så utrolig morsomt at du tok deg tiden til å skrive litt om oss. Det er utrolig motive­rende å se at mennesker som nettopp deg ser poten­siale i oss. Det er uten tvil en av motiva­sjons­fak­torene våre som gjør at vi så inderlig vil realisere Fønd for å gi nordmenn en skikkelig crowd­føn­dings­plattform.
    - jonerik

  • Alltid kjekt å støtte opp under nyttige og føretak, og særleg når dei er norske!

  • Pingback: the unborn chikken · Knask på ein fredag: Februar()