Responsinatoren

Er du ein ihuga designer av nettsider, men manglar utstyr som iPad, iPhone, Kindle og andre Android-baserte dippeduttar for å teste ut om sida er responsiv nok? Då har eg eit aldri så lite kort-i-ermet til deg!

Som nemnt i siste knasket er det fleire og fleire som nyttar responsivt design når dei lagar nettsider no til dags, men det er ikkje alle (meg inkludert) har tilgong til alle typar medier for testing.

Dette har Tama Pugsley og Andy Hovey frå det New Zealandske byrået Springload gjort noko med. Dei har nemleg vore så snille å lage ei nettside som viser deg (nesten) presist korleis din nettstad ser ut på dei respektive dippeduttane: The Reponsinator.

Berre skriv inn adressa til sida du vil teste og vips så får du svaret på om sida er ein suksess eller fiasko i forsøket på å gjere den responsiv…

NB: Eg rår deg til å lese gjennom denne sida for å få fullt utbytte av tenesta. Lukke til!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.